Tema

1940 - 45.

Kampane i Gudbrandsdalen 14. april - 30. april.
Den tyske strategien for å få kontroll over Noreg var å gjera eit kraftig, raskt og overraskande angrep mot viktige hamner, flyplassar og hovudferdselsårer mellom desse. Etter at tyskarane 9. april hadde teke kontrollen bl.a. i Oslo og Trondheim, vart det lagt stor vekt på å rykke fram gjennom Gudbrandsdalen og ned til Åndalsnes. Gudbrandsdalen fekk derfor ei viktig strategisk betydning for kampane i Sør-Noreg.
Fem dagar etter invasjonen i Noreg begynte kamphandlingane i Gudbrandsdalen. Da sleppte tyskarane fallskjermtroppar på det viktige trafikk-knutepunktet Dombås. Etter seks dagar var dei nedkjempa av norske styrkar.

Tre dagar etter dette rykte troppane til general Pellengahr inn i Lillehammer frå sør. Samtidig utførte tyskarane mange flyangrep nord i dalen. Etter harde kampar fleire stader i Gudbrandsdalen måtte dei norske og britiske troppane gi tapt.

Tyskarane måtte likevel bruke vesentleg lenger tid på å få kontroll over Gudbrandsdalen enn dei hadde rekna med.

Under kampane i Gudbrandsdalen var det tre partar: dei tyske angriparane, dei norske forsvararane og dei britiske allierte. Dei tre partane deltok med svært ulike føresetnader: Tyskarane var godt førebudde og hadde best utstyr. Særleg viktig var det at tyskarane hadde stridsvogner, tanks og svært overlegne flystyrkar.

Nordmennene og britane vart overraska, var dårleg førebudde og hadde jamt over dårlegare utstyr. Dei norske styrkane var også dårlegare organiserte.

Kampane i Kvam 25. – 27. april.

I Kvam var det harde kampar i dagane 25., 26. og 27. april hovudsakeleg mellom britiske og tyske styrkar. Omlag 70 hus brann ned, deriblant Kvam kyrkje, og folk måtte flykte til fjells.

Dagleglivet under okkupasjonen.

Mens det var stor arbeidsløysse i 30-åra, vart det mangel på arbeidskraft under krigen. Det som vart øydelagt i krigshandlingane måtte byggjast opp att. Og framfor alt skulle tyskarane byggje opp militæranlegga sine
For å tilfredsstille behovet for arbeidskraft skreiv tyskarane også ut folk til arbeidsteneste. Mange måtte ta tyskararbeid mot sin vilje.

Mange fekk seg godt betalt arbeid og tente gode pengar. Men det var lite å bruke pengane til. Alt i 1940 vart det innført rasjonering av mange varer. Utover krigen auka dette. Vareutvalet i butikkane var dårleg. Folk måtte greie seg med enkle midlar. Rasjoneringskort vart utdelt for dei enkelte varene, av og til fleire enn den enkelte hadde bruk for.

Tyskarane innførte avissensur og forbod mot å lytte på radio. Det var likevel mange som gøymde vekk radioen og høyrde på ulovleg.

Motstandskampen.

Etter kvart vart det danna militæra motstandsgrupper, fyrst uavhengig av kvarandre, men seinare organisert som del av den landsomfattande Milorg.
Gudbrandsdalen og Lillehammer utgjorde eit Milorg-distrikt, D23. Dei fyrste gruppene vart etablerte i 1940-41 i Lillehammer, Fåberg, Øyer og Fåvang. Fyrst i 1944-45 var det grupper i alle kommunane i dalen. I alt deltok kanskje 1000 personar på ulike måtar i Milorg-gruppene i D23. Viktige oppgåver var spionasje og sabotasje.

Fangeleirar.

Under krigen bygde tyskarane store militæreanlegg. Hovudtyngda av desse låg langs kysten. Nokre av dei største innlandsanlegga låg i Gudbrandsdalen - på Dombås, Lillehammer og Frya.

I tilknyting til militæranlegga var det fangeleirar. På Lillehammer var det tre leirar, Jørstadmoen, Hovemoen og Lysgårdsjordet, med inntil 8000 fangar. Dessutan var det mindre leirar på Tretten, Frya og Dombås.

Forholda i fangeleirane varierte, men var til vanleg svært strenge. Fangane fekk ofte for lite mat, måtte arbeide hardt eller var sjuke. Brot på leirreglane vart hardt straffa. Fleire vart banka opp eller avretta ved henging eller skyting. Enkelte tok sitt eige liv. 974 av dei sovjetiske fangane i Gudbrandsdalen omkom eller vart drepne.

Fredsvåren 1945.

7. mai 1945 kl. 02.41 skreiv tyskarane under på kapitulasjonserklæringa i ei lita skulestue i Reims i Frankrike.
Utpå dagen spreidde ryktet om kapitulasjonen seg også til Noreg. 8. Mai kom ein alliert militærkommisjon under leiing av brigader Hilton til Noreg. Dei reiste til Lillehammer. Seint på kvelden leverte dei kapitulasjonsvilkåra til Bøhme. Desse innebar bl.a. at alle tyske soldatar innan 14 dagar skulle samlast i eigne leirar.

Utover dagen 8. mai og dagane etter dukka MILORG-folka fram og tok kontrollen i bygd og by. For fyrste gong kunne dei ope stå fram med sine enkle ”uniformer” med armbind og bandolær.

Mai-dagane 1945 vart ein samanhengande fest! Flagget vart flittig brukt for å vise den store gleda.

Skottetoget 1612

Under Kalmar-krigen mellom Sverige og Danmark-Noreg sende svenskane bod på leigesoldatar frå Skottland. Dei gjekk i land i Romsdalen og marsjerte ned Gudbrandsdalen.
Ved Kringen vart dei nedkjempa av ein bondehær 26. august 1612. Kaptein Sinclair var ein av skottane som fall ved Kringen. Han vart gravlagd ved kyrkja ved Vik i Kvam. Etter Storofsen i 1789 vart den minnetavla som nå heng i samlinga i Kvam sett opp på grava.