Gudbrandsdal krigsminnesamling, Kvam

Den 9. april 1940 vart tyske troppar landsette i Noreg.

Vi var i krig, og krigshandlingane i landet skulle vare i to månader. Dei hardaste kampane i Sør-Noreg fann stad i Kvam i Gudbrandsdalen 25. og 26 april mellom tyskarane og britane. Om lag 70 hus brann ned, deriblant kyrkja i Kvam. Desse hendingane er også bakgrunnen for at vi har utstillinga Gudbrandsdal krigsminnesamling, opna 5. mai 1995, som er ei unik minnesamling om krig, okkupasjon og forsvar i Gudbrandsdalen. I tillegg har samlinga ei utstilling kring Skottetoget i 1612.

 

 

Vete

Som symbol for Gudbrandsdal krigsminnesamling er valt ein påtent ”vete” (trevarde).

Varden varsla ufred i gammal tid. Flammen viser også til den opplysninga som samlinga skal gi om krig og forsvar i Gudbrandsdalen.